Andreas Monsen Solbakk
- Født: 11 aug 1894, Tjelstø Øygarden 66
- Døpt: 26 aug 1894, Herdla Askøy
- Ekteskap (1): Kristine Marie Iversdt Tjelstø 27 mai 1919 på Herdla Askøy 100
- Død: 28 mar 1983, Tjelstø Øygarden 88 år gammel
- Begravet: 6 apr 1983, Hjelme Øygarden 87
Andre navn for Andreas var Andreas Monsen Fjelstad og Andreas Monsen Tjeldstø/Fjelstad.
Generelle notater:
f20.5.5e Oldemors søskenbarn sin ektefelle
Andreas, sønn av Mons Olai Knutsen Hvidsten, Kviste 1845-1928 og Eli Olsdt Husebø 1853-1918. Andreas er født på bruk 2 Neset på Tjelstø.
Fra boka Hordaland i nær fortid: Djup respekt for faren og inderlig kjærleik til mora er noko av det som kjem fra hjå Andreas Solbakk. På same tid let han oss i kort glimt sjå arbeidsforedelinga og kjønnsrollene på garden. Far var ein streng herre, men alltid rettferdig. Han heldt god disiplin i heimen. Dersom me ikkje var snille gutar, så vanka det juling. Då eg var liten, hadde far ei brakebuske stående over dørlista til "skrekk og advarsel". Eg hugsar at eg sjølv fekk smaka brakebuska på berre rumpa. Eg kan ikkje hugsa kva brotsverk eg hadde gjort, med det måtte visst ha vore grovt i far sin augo. Mattidene var presise. Far sa at om ikkje middagen var ferdig til klokka 12, så var dagen utskjemd. Han tok ein strekk på senga mellom klokka 12 og 13. og da måtte det vera stilt i huset. Far las alltid juleevangeliet. Han las elles kvar laurdagskveld og preika søndag middag og søndag kveld. Han hadde ei preikebok som han las or. Det var ei preik for kvar søndag. Og då sat med alle rundt bordet og song i Landstads salmebok. Då var det høgtid. Heime var det to inngangar, ein på kvar side av huset. Mannfolka og med ungane gjekk sjelden kjøkkenvegen, for det var kvinnene sin inngang.
Det var fælt slit til å bera torver. Eg hugsar det vart mange såre rygger. Dei brukte kiper til å bera inn torvet i. Der var mor som tok tyngste børa. Ho klaga aldri. Eg hugsar at far reiste på laksefiske og var vekke heile sommaren. Og Karl (broren) reiste på trollgarnfiske. Og så var det mor og kona til eldste broren att. Eg huskar at eg hadde ei lita kipe som eg bar fire-fem torvmolar i, men eg slapp ikkje unna, det var allemannstørn. Mor og Sina slo graset, og med ungane måte breia og raka høyet, og trøyste deg om du ikkje gjorde det rett.
Far hadde tre robåtar, ein seksæring som han brukte til laksebåt, ein færing, og så ein litt mindre til lettare bruk. Dei to båtane som var heime, skulle tjørebrendast kvar sommer, og det arbeidet mått mor gjera, iallefall til med gutane vart så store at med kunne gjera det skikkelig.
Kvinnene sat og kara ull heile dagen og langt på kveld, men det var mest mor som spann. Det var ein kunst å spinna fin tråd. Det var ikkje tale om å slutta arbeidet før klokka 22, men då var det alle til køys. Alt vart gjort for hand. Dei var flittige, kvinnene i gamle dager, dei sat ikkje og røykte sigarettar og las vekeblad og husmorblad. Nei, slik var dei vane med og slik var dei nøydde til å ta det, og til å ha det. Pengar var ei mangelvare. Når ein hadde hus og mat, sjølv om det var enkelt, så var ein fornøgd. Tida var slik overalt. Ei tenestejente fekk ett sett klede og treskor i årsløn, og kanskje ein dalar (4 kroner)- Ho måtte slava for den enkle maten ho fekk. Det hende også at ho måtte vera med i fiskebåten.
Mor var den siste som gjekk til sengs om kvelden, og den første som sto opp pm morgonen. Mor gjekk alltid med linhue. Det var skikken den tid. Linhue var teiknet på at ho var kone. Linhua var det siste ho tok av seg om kvelden og det første ho tok på om morgonen. Eg trur at hu på den måten ville æra mannen sin. Slik var iallefall skikken her på garden. Om vinteren var eg ofte med mor i floren (fjøset) for å halda smålampe og lysa for henne. Eg hugsar at når ho var ferdig med stellet av kyrne, så hadde ho ein plass i floren der ho la seg på kne og ba til gud. Eg voks opp i ein god heim. Eg synest at mor må få største æra. Ho var ei god mor. Far var og ein snill mann, men han tolte ikkje juks. Du kan tru at med hadde respekt for han. Men alt gjekk som regel med liv og lyst. Godt humør var ei stor gåve i vår familie, og det var ei fellesskap som du skal leita etter. Deti var tre sortar barn, men det var ingen skilnad for det. Far var far og mor var mor for alle. 413,996
Hendelser i hans liv var:
• Bilde. Far til Andreas, Mons Olai Tjeldstø
• Folketelling, 1 des 1920, Tjelstø Øygarden. 52 Andeas bor med ektefelle hjemme hos foreldrene hennes på Tjelstø. Han arbeider som bygningssnekker og under selve tellinga oppholder han seg i Bergen. Sammen med dem bor dattera Johanne Maria.
• Grav, 1983, Hjelme Øygarden.
Andreas giftet seg med Kristine Marie Iversdt Tjelstø, datter av Iver Andersen Haugland og Johanna Maria Jakobsdt Fjeldstad, 27 mai 1919 på Herdla Askøy.100 (Kristine Marie Iversdt Tjelstø ble født 25 sep 1898 påi Tjelstø Øygarden 66, døpt 6 nov 1898 på Herdla Askøy, døde 23 jun 1980 påi Tjelstø Øygarden og ble begravet 28 jun 1980 på Hjelme Øygarden 87.)
|